- Me sel norske bringebær heile året, fortel Harald Blaaflat Mundal.

Han er dagleg leiar hjå Lærdal Grønt, og i fylgje Mundal høver bringebær godt med jul. 

- Ein kan ete dei som dei er til dessert. Eller kva med å lage saus av dei, og bruke dei til riskremen på julafta?

 

Bringebær til jul

BRINGEBÆR FRÅ SOGN: Cirka 20 produsentear leverer bringebær til Lærdal Grønt.

 

-  Det er viktig å støtte norsk landbruk. Difor håpar eg folk vel norske produkt med jul.

Mundal fortel at om ein tiner bringebæra på rett måte, blir dei akkurat like faste og fine som ferske bringebær. 

- I år hadde me 250 tonn bringebær, me byrjar å bli store på det. 

 

Går så det susar

GODE TILBAKEMELDINGAR: Mundal fortel at folk er nøgde med Lærdal Grønt.

 

- Me sel meir og meir frosne bringebær, seier Mundal.

Han fortel at nokon er så begeistra for bæra, at dei kjøper frosne bringebær om sommaren også. 

- Dei blir frosne kjapt ned, slik at dei beheld den gode smaken av sommar.

Et du mykje bringebær sjølv med jul?

- Ja, ikkje berre med jul. Eg et bringebær heile året eg.