- I oppveksten var eg veldig mykje med på juleførebuingane, seier Ole- Ivar Åm Sognnes. 

Han er nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, og slår gjerne av ein prat om jul og tradisjonar. 

- Det er framleis lenge til jul, så eg har ikkje gjort så mykje endå. Kona mi har derimot byrja å pynte litt, og meir skal det bli i tida som kjem.

Sognnes er bonde i Hyllestad kommune i Sogn. I tillegg er han dagleg leiar i Åm Sognnes Bygdeservice. Han fortel at han har jobba mykje, men at han skal hjelpe til og pynte til høgtida han også. 

- Som veldig mange andre må eg henge opp lys ute, eg er jo for all del med og pyntar. Eg tykkjer det er veldig kjekt, så lenge eg får gjere det i mitt tempo, og når eg sjølv har lyst. 

 

Tøff kar som likar å bake

OVERRASKAR: Det er ikkje alle som veit at Ole-Ivar Åm Sognnes er glad i å bake julekaker.

 

- Det er veldig mange som vert overraska når dei får vite at eg og bror min har baka heimen sine sju, eller fleire, kakesortar opp gjennom åra. 

Sognnes smiler, før han legg til at han ikkje har byrja med baksten i år. 

- Eg brukar ein metode, den kallar eg skippertak. Det vert baka tre og tre sortar om gongen, så det er ikkje mange dagane eg treng.

 

Høgtid med familien 

JUL MED FAMILIEN: Sognnes ser fram til julehøgtida med kona og dottera si.

 

-  Eg og kona mi forsøker å skape tradisjonar saman, det er fint.

Etter Sognnes traff kona si, har hennas tradisjonar også blitt hans. I år var dei mellom anna med familien hennas og såg putti putti plott i Bergen. Det var kjekt. No ser han fram til jula, og minnene som skal skapast.

I år skal me feire jula i Bergen, med familien til kona mi Ina. Det skal bli godt å kunne kobla ut, og slappe av. Eg veit det er folk som tek seg av dyra heime, så i år skal eg nyte jula med godt selskap og god mat.