- Eg elskar jobben min, seier Jeffrey Thomas. 

Han er hovudtillitsvald på meieriet på Byrkjelo. Thomas har lett for å prate, og fortel ivrig om arbedisplassen. 

- Annan kvar Norvegia, og kvar tredje brunost er produsert på Byrkjelo. 

 

Travelt før jul

ÅRLEG PRODUKSJON: 11 500 tonn kvitost, (10 200 tonn porsjonspakka på anlegget på Byrkjelo), 2800 tonn brunost og 7 mill liter konsummjølk. 

 

- TINE Meieriet på Byrkjelo er stort, det er faktisk det nest største i Norge.

Thomas har jobba på anlegget i 12 år, og fortel at dei ansatte jobbar tre ulike skift seks dagar i veka. I fylgje Thomas kan det vera travelt, men det går fint.  

- Tida går fort, når ein har mykje å gjera. I høgtidene går anlegget 24/7, då må me stå på litt ekstra.  Me er cirka 135 som jobbar her, i tillegg til sjåførar, salspersonale og rådgjevarar for mjølkeprodusentar.  

Sjølv om anlegget går for full maskin i høgtidene, vert det ikkje brukt vikarar. 

- Nei, det går ikkje. På ysteri for eksempel, er det kun fagfolk som kan jobbe. Difor brukar me eigne folk, året rundt. 

 

God respons

JULEGÅVETIPS: Thomas fortel at ein god ost, er ei bra julegåve.  

 

- Me får veldig gode tilbakemeldingar på produkta våre, fortel Thomas. 

Det er motiverande for amerikanaren, som er busett i Gloppen kommune. 

- TINE ligg høgt på omdømmelista, det er eg stolt av. Me er veldig opptatt av kvalitet, og det er viktig for oss å levere kvalitetsvarer til kundane våre, seier han og smiler.