Luke 20: ingen julefrukost utan...

Publisert 20.12.2019
  • Tips en venn om denne siden

Dagens luke er dedikert til klassikaren på julefrukosten, lammerull.

 

 

Dei fleste av oss har sine faste juletradisjonar, dei tradisjonane det ikkje blir jul utan at dei er på plass. Det kan vere å gå i kyrkja, sjå Tre Nøtter til Askepott, setje ut graut til fjøsnissen, ein spesiell julesong, eller ein spesiell matrett. - For meg blir det ikkje jul utan mamma sin heimelaga lammerull! seier Hanne Lisbeth Nybø på fylkeskontoret.

Kvar oktober blir det kjøpt inn ca 12 kg slagside frå lamb, som mor Liv Helga Lammetun Nybø lagar lammerullar av. - Tradisjonelt sett har vi brukt svangane til lammerullen, men for å få litt størrelse på dei har vi gått over til å kjøpe slagside som vi beinar ut. Det er litt meir arbeid med utbeininga, men det er verdt det, forklarar Nybø. Lammerullen blir laga på same vis som dei alltid har blitt laga på garden.

- Slagsidene blir beina ut og overflødig fett blir fjerna. Deretter strør me kjøttsida med ei blanding av salt, pepar og aspik, før me rullar dei godt saman slik at dei er faste og fine i fasongen, og syr med bomullstråd, forklarar Nybø

Heile sida skal dekkast med krydderblandinga før den rullast saman.

15 stk ferdigsydde lammerullar. Det er viktig å sy dei faste og fine, for ordtaket seier at slik lammerullen din blir, slik blir mannen din...

Etter rullane er ferdig sydde, blir dei lagt i ei sterk saltlake i 4-5 dagar, før dei blir hengt til tørking i cirka 1 månad. På dagar med god tørkevind blir dei gjerne hengt ut i vinden.

Lammerullar på rekke og rad, her etter ca 1 mnd tørking.

- Etter ein månad til tørk er lammerullane litt i ovekant salte. Difor legg me dei i vatn i eit par timar før dei går i gryta for å trekkast i ca 2-2,5 timar. Aspiken som er i krydderblandinga er med på å gjere dei faste og fine, så dermed treng me ikkje legge dei i press etter koking, forklarar Nybø.

Ferdig kokte lammerullar, då er det berre å vente til julefrukosten.

Etter koking og nedkjøling er det berre å vakumpakke dei, fryse dei ned og vente til den store julefrukosten 1.juledag. Eit siste tips frå Nybø er tilbehøret. - Lammerullen er fantastisk å nyte som den er på skiva, men det er òg godt å ha ein purre- og druesalat attåt. Då blandar ein 1 kopp finsnitta purre og 2 koppar druer (delt i to, ta ut stein) med like mengder majones og rømme. God jul!

 

Vellukka gardbesøk på Mo

Vellukka gardbesøk på Mo

Torsdag 3.mai og Fredag 4.mai besøkte 8.klasse ved Førde ungdomsskule jordbruksskulen på Mo. Sjå bilder frå det vellukka besøket her.

Vellukka gardsbesøk for 8.klasse

Torsdag 24.mai fekk Hovland Gard storfint besøk av 8.klasse ved Tangen skule i Årdal. Elevane fekk mellom anna jobbe med gjerde, mate kopplam og gå natursti. Sjå bilder frå dagen her.

Tapar 170 000  på marknad i ubalanse

Tapar 170 000 på marknad i ubalanse

- Å forhandle fram betre verkemiddel som kan nyttast til å få marknaden for svinekjøt i balanse vil vere det viktigaste for meg som svinekjøtprodusent i dette oppgjeret, seie Per Inge Midtbø.

Felde om tilbodet

Felde om tilbodet

Fredag 4. mai fekk jordbruksorganisasjonane staten sitt tilbod i jordbruksforhandlingane, sjå fylkesleiar Anders Felde kommentere tilbodet her.

Våre samarbeidspartnere