Luke 20: ingen julefrukost utan...

Publisert 20.12.2019
  • Tips en venn om denne siden

Dagens luke er dedikert til klassikaren på julefrukosten, lammerull.

 

 

Dei fleste av oss har sine faste juletradisjonar, dei tradisjonane det ikkje blir jul utan at dei er på plass. Det kan vere å gå i kyrkja, sjå Tre Nøtter til Askepott, setje ut graut til fjøsnissen, ein spesiell julesong, eller ein spesiell matrett. - For meg blir det ikkje jul utan mamma sin heimelaga lammerull! seier Hanne Lisbeth Nybø på fylkeskontoret.

Kvar oktober blir det kjøpt inn ca 12 kg slagside frå lamb, som mor Liv Helga Lammetun Nybø lagar lammerullar av. - Tradisjonelt sett har vi brukt svangane til lammerullen, men for å få litt størrelse på dei har vi gått over til å kjøpe slagside som vi beinar ut. Det er litt meir arbeid med utbeininga, men det er verdt det, forklarar Nybø. Lammerullen blir laga på same vis som dei alltid har blitt laga på garden.

- Slagsidene blir beina ut og overflødig fett blir fjerna. Deretter strør me kjøttsida med ei blanding av salt, pepar og aspik, før me rullar dei godt saman slik at dei er faste og fine i fasongen, og syr med bomullstråd, forklarar Nybø

Heile sida skal dekkast med krydderblandinga før den rullast saman.

15 stk ferdigsydde lammerullar. Det er viktig å sy dei faste og fine, for ordtaket seier at slik lammerullen din blir, slik blir mannen din...

Etter rullane er ferdig sydde, blir dei lagt i ei sterk saltlake i 4-5 dagar, før dei blir hengt til tørking i cirka 1 månad. På dagar med god tørkevind blir dei gjerne hengt ut i vinden.

Lammerullar på rekke og rad, her etter ca 1 mnd tørking.

- Etter ein månad til tørk er lammerullane litt i ovekant salte. Difor legg me dei i vatn i eit par timar før dei går i gryta for å trekkast i ca 2-2,5 timar. Aspiken som er i krydderblandinga er med på å gjere dei faste og fine, så dermed treng me ikkje legge dei i press etter koking, forklarar Nybø.

Ferdig kokte lammerullar, då er det berre å vente til julefrukosten.

Etter koking og nedkjøling er det berre å vakumpakke dei, fryse dei ned og vente til den store julefrukosten 1.juledag. Eit siste tips frå Nybø er tilbehøret. - Lammerullen er fantastisk å nyte som den er på skiva, men det er òg godt å ha ein purre- og druesalat attåt. Då blandar ein 1 kopp finsnitta purre og 2 koppar druer (delt i to, ta ut stein) med like mengder majones og rømme. God jul!

 

Du kan gjere noko med det

- Det er trong for bønder som forstår alvoret, sa styreleiar i Nortura Trine Hasvang Vaag i ein kommentar til framlegget som ligg føre om endringar i marknadsordninga på kjøt, då samvirkeorganisering stod på dagsorden i fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag.

Anders Felde - Fylkesårsmøtet 2020

Nordavind frå alle kantar med gløtt av sol

- Vi må framsnakke bonden for det er berre han som gjer at vi overlever morgondagen gjennom sin matproduksjon, avslutta fylkesleiar Anders Felde i si tale til årsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag i dag

Vellukka samling for nye lokallagsleiarar

Vellukka samling for nye lokallagsleiarar

Under årsmøtet til Sogn og Fjordane Bondelag på Skei, fekk nye lokallagsleiarar tilbod om å delta på ei samling. Målet var å informere om oppgåver knytta til leiarvervet.

Torsdag 5.mars startar fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Bondelag. Leiar Anders Felde ser fram til gode dagar på Skei.

Gler seg til fylkesårsmøte

No er det ikkje mange timane igjen før fylkesårsmøtet 2020 startar, og Anders Felde (leiar i Sogn og Fjordane Bondelag) gler seg.

Klart for årsmøte på Skei

Klart for årsmøte på Skei

Torsdag 5.mars startar årsmøtet til Sogn og Fjordane Bondelag. I dag har styre hatt møte, i tillegg har dei gjort alt klart før årsmøtet.

Bedriftsmesse i Vik

Bedriftsmesse i Vik

Vik Bondelag var ein av 27 bedrifter som presenterte seg for dei unge og lovande i kommunen. 130 ungdommar deltok. Laget serverte gamalost, hadde live-sending frå mjølkeroboten på Tistel og dei ivrigaste fekk 'Bondespire'buttons. Sjå bilder frå messa her.

Kompetansesenter for landbrukssertifisering

- Bønder må stadig ta nye kurs samt friske opp eldre kurs for å kunne vere sertifisert til ulike oppgåver på garden, seier nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag. Å ha eit godt tilbod for å kunne gjennomføre slike sertifiseringskurs er viktig held Ole Bjarne Hovland fram

Flott tiltak for yngre bønder i Indre Sogn

- Jammen er eg heldige eg, som fekk lov å innleie for kring 30 unge engasjerte bønder på kveldskurs på Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland, seier nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Ole Bjarne Hovland

Våre samarbeidspartnere