LUKE 20
No kan du opne luke 20 i julekalenderen vår.
- Pinnekjøtet frå indre Sogn må vera noko av det beste som er, seier Ole Bjarne Hovland.
Me treff Sogningen heime på garden i Naddvik i Årdal kommune.
- Pinnekjøtet på Hovland er sikkert ein tradisjon som går langt tilbake i tid, men etter eg overtok garden har det ikkje vore noko pinnekjøt-tradisjon her.
Hovland overtok garden i 2006.
- I fjor tok me tilbake slakt, og me starta å vidareforedla noko av det flotte sauekjøttet som vert produsert hjå oss.
God kvalitet
- Det er god kvalitet på slaktet som vert levert.
Det trur Hovland heng saman med gode sommarbeiter, og god kvalitet på lamma.
- Me har fantastiske fjellbeiter i indre Sogn, seier han og smiler.
Gler seg til jul
- I jula skal eg vera i lag med familien, ete god mat og ha det fint med dei rundt meg.
Hovland ser også fram til julafta, og pinnekjøtet frå eigen gard.
- Ja, der er klart eg gler meg til.