- Det er kjekt å pynte, seier Marianne Kvalvik Kvamme. 

Sogn og Fjordane Bondelag er med, når Kvamme skal pynte gamlestova på garden. Me har også selskap av ei høne og ei geit. Dei er mest med for selskapet si skuld. 

- Det er viktig å pynte til jul, for å få den gode julekjensla. 

 

Utfordrande å pynte saman med geita

 

- Nei, åt du opp pynten? Det må du ikkje gjere.

Kvamme ser på geita, medan ho pyntar vidare. 

- Eg pyntar lampa med granbar og raude silkeband. Eg tykkjer det er fint. 

 

Gler seg til jul

 

- Jul for meg er god mat, og alt det sosiale. 

Kvamme set fram to nissar på bordet. Lampen er ferdig pynta. 

- Sånn, då er me i julemodus, smiler ho.