-  Det fyrste eg gjere, er å flå dei. Me har ikkje tradisjon for å svi dei her, seier Per Hilleren. 

Han tek i mot oss heime på garden i Sogndal. I dag står smalahove på menyen, og for Hilleren er det ein viktig rett. 

- Det handlar om å bruke heile dyret. I år har eg laga til 25-30 hove. Me et nokon sjølv, me gjev vekk litt og så inviterer me folk på smalahove-selskap. Me brukar ha eit lag før jul. 

Frå gamalt av brukte fleire å ete smalahove siste søndagen før jul. Den søndagen vert ofte kalla "Skoltesøndag" (skolt=hovud), i staden for "skitnesøndag", som også er eit godt brukt namn på denne søndagen. Namnet "skitnesøndag" handla om at folk måtte nytte siste søndagen før jul til å rydde og vaske, for å kome i mål til jul. Vakse og rydde, var eigentleg noko ein ikkje skulle gjere på ein søndag. 

- Eg kjenner godt til dei tradisjonane, smiler Hilleren.

 

Viktig å ta vare på kulturen

GOD MAT: Per Hilleren er glad i smalahove.

 

 

- Folk i gamle dagar brukte alle ressursane på garden, det tykkjer eg me må halde fram med.

Hilleren fortel  er opptatt av å ta vare på ressursane, og kulturen rundt det. Difor brukar han invitere nye folk, som flyttar til bygda, på smalahovemiddag. 

- Eg gjere det, fordi det er viktig at dei får inn kulturen med ein gong dei kjem til bygda.