- I gartneriet på skulen er det cirka 1800 julestjerner, og 400 av dei er kvite. Det er ein trend no, at det vert meir og meir kvite blomar med jul. 

Me treff Nils Jørgen Helgheim i gartneriet på Mo og Øyrane vidaregåande skule. Han har jobba på skulen sidan 1978, og er lærar i planteproduksjon. I tlllegg er han driftsleiar for gartneriet, der alle julestjernene står. 

- Det er viktig å passe på at julestjernene har nok vatn, men samtidig skal dei ikkje ha for masse. Då druknar dei.

 

Gode tilbakemeldingar

TREND: I fylgje Helgheim vert det meir og meir kvite blomar med jul, og han ser at dei raude stjernene er litt på veg tilbake.

 

- Me sel julestjernene på butikken, me har her på skulen. Me får veldig god respons på dei, det set eg pris på.

Helgheim smiler, medan han fortel vidare. 

- Det viser seg at julestjernene held seg lenge. Om ein steller dei rett, kan dei stå til langt ut i 2017. Kunsten er å få dei til å blomstre igjen. 

 

Planlegg for 2017

ULIKE STORLEIKAR: Julestjernene på skulen har tre ulike storleikar.

 

- I mars må neste års produksjon vera klarlagt. Dei som skal levere småplanter til oss må vite då, for dei skal jo planlegge sin produksjon. 

Helgheim fortel at han er veldig glad i julestjerner. 

- Ja, det er eg. Sjølv har eg alltid 2-3 julstjerner heime. For meg høyrer julestjernene til, det blir ikkje same julestemningen uten.