- Eg har mellom anna edelgran, fjelledelgran, serbergran og gran. 

Det fortel Trygve Bolset. Han er stolt juletreprodusent frå Jølster. Me treff han heime på garden på Klakegg. 

- Eg leverer cirka 2000 tre i året.  Eg sel 1/3 direkte til kunden sjølv, medan 2/3 er til oppkjøparar. 

 

Det perfekte treet

JULETRESKOGEN: Omlag 1000 timar årleg, brukar Bolset på jultreproduksjonen.

 

- Det perfekte juletreet må vera symetrisk. Stamma må vera bein, det skal ha ein vellukka topp og treet må ha vakse jamnt frå nederst til øverst. Det betyr at om greinene er tette nede, skal dei vera tette oppe også. 

Bolset tek oss med opp i dei bratte Klakeggbakane, og syner fram mange flotte tre. Han fortel med stor entusiasme, dette brenn han for. 

- Eg må passe på heile tida. Om treet veks for fort, må eg inn med saks og klippe av toppen. Eg må også passe på at det ikkje blir for vidt. 

Bolset fortel at han i mange år dreiv med mjølkeproduksjon, men at han skreiv garden over til sonen. Etter å ha gått nokre rundar med seg sjølv, ville han satsa på juletre på nabogarden. Det var garden som mor hans vaks opp på. 

- Eg lurte på kva eg skulle bruke denne garden til, for det er bratt her. Då eg kom på dette med juletre, tenkte eg det ville vera fint arbeid å drive med, fram mot pansjonisttida. 

 

God respons

NØGD: Bolset blir glad, når folk kjem med fine tilbakemeldingar.

 

- Eg har mange faste kundar, det tek eg som eit kompliment. 

Bolset fortel han har levert aukande produksjon frå år til år.

- Det er kjekt å drive med juletre, når ein ser kundane kjem att.  Det gjer ein peikepinne på om dei er nøgde eller ikkje. Så langt ser det lovande ut, seier han og smiler.