-  I dag skal me lage potetkaker, seier Marit Flatjord. 

Me møter ho heime på kjøkkenet i Stardalen i Jølster. Flatjord tykkjer det er kjekt å bake, spesielt saman med andre.

- Me er tre venninner som brukar lage lefser, potetkaker og flatbrød saman. Det er veldig kjekt, praten går lett over bakekjevlen. Det er ein god anledning til å møtast, i kvardagen elles er det ofte veldig travelt.

Ute ligg det eit tynt lag snø, det skapar julestemning.

- Eg håpar det blir snø på julafta også. Det er jul for meg, i tillegg til å gå i fjøsen sjølvsagt. Det å gå i saufjøsen på julafta, fôre dyra med silo, høyre dei tygge silofôret og kjenne kor stilt det er, skapar ei heilt spesiel stemning. 

 

Moderne

POTETMOS GJER SUSEN: Flatjord fortel at ho brukar potetmos, framfor vanlege poteter i potetkakene.

 

- Me er så moderne at me brukar potetmos, smiler Flatjord. 

Også vatn og kveitemjøl er i bakebollen. I fylgje Jølstringen smakar heimelaga mat mykje betre, enn det ein får kjøpt på butikken. 

- Det kan nesten ikkje samanliknast, ler ho. 

 

Sjølvgjort er velgjort

SPARAST TIL JUL: Flatjord brukar fryse ned potetkakene, og spare dei til jul.

 

- Potetkaker er godt, stundom gjer eg litt vekk også. 

Flatjord kjevlar ut potetkakene, før ho legg dei bort på takka. 

- Eg gler meg til å smake, for ein kan ikkje fryse ned alt. Ein smakebit er lov, seier ho smilande.