- Eit medlemskap i Bondelaget er ei fin julegåve, seier Nils Magne Gjengedal.

Han er styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag. 

- Eg håpar folk gjer fornuftige julegåver, difor er medlemskap i Bondelaget eit godt tips. 

 

Godt forslag

OPPTATT AV VERVING: Gjengedal ynskjer fleire med på laget i Bondelaget.

 

- Eg håpar ikkje folk berre gjer kvarandre dill og dall til jul, difor er medlemskapet ein god ide. 

Sjølv er Gjengedal usikker på kva han ynskjer seg til jul.

- Gåvene er ikkje det viktigaste no, eg har fått så mykje fint gjennom alle år.  Det som betyr aller mest, er å vera saman med familien. 

 

Minner og tradisjonar 

GLER SEG TIL JUL: Til jul skal Gjengedal vera saman med familien. Han ser fram til å vera med glade barn og barnebarn.

 

- Eg hugsar då eg var liten, då laga me mykje mat før jul. Det var slakting av gris, me laga pølser og slike ting. Då julafta kom, fekk me treet inn i stova. Medan foreldra mine var i fjøsen, pynta me juletreet. 

Gjengedal fortel at også maten var klar, etter fjøsstellet.

- Då var det høgtid i stova. Eg minnast at bestefar min las juleevangeliet, det er eit godt minne å ha med seg. 

Gjengedal fortel at ein del av tradisjonane har endra seg med tida.

- No kjem mellom anna juletreet inn før, men me et framleis julemiddagen etter fjøsstellet. Me har svineribbe med jul, og pinnekjøt til nyttår. 

- Kva er høgdepunktet med jul? 

- Det er bodskapen om jul som er høgdepunktet, me les framleis juleevangeliet. Det er ei god stund.