- No skal me lage dampepølse, seier Per Hilleren. 

Han tek i mot Sogn og Fjordane Bondelag på kjøkenet sitt i Sogndal.  Det aller fyrste han gjer, er å lage kjøttdeig. 

- Ein vel sjølv kva kjøttsortar ein skal bruke. Deretter skal kjøttdeigen kryddrast, før eg brukar spe det ut med mjølk og fløyte. Vidare stappar eg deigen i pølsetarm, og vips er det ei middagspølse.

 

På juletallerkenen

MYKJE ARBEID: Det tek lit tid når ein skal lage pølser frå grunnen av, men det tenkjer ikkje Hilleren på.

 

- Pølsene eg lagar no, skal eg ha på juletallerkenen i år. 

Medan Hilleren jobbar med pølsene, fortel han om kor viktig det er å ta vare på kunnskapen dei hadde før. 

- Det handlar om å forstå korleis folk før i tida utnytta ressursane på garden sin, eg er opptatt av at me ikkje skal gløyme den kunskapen.

 

Smakar godt

GOD MAT: Hilleren tykkjer det er kjekt å lage sin eigen mat, dessutan smakar det ekstra godt.

 

- Det er stas å kunne ete heimelaga mat til jul, men eg lagar gjerne så  mykje at me kan ete pølser andre tider på året også. 

Hilleren er stolt bonde, for han er det ein meiningsfull jobb. 

- Bøndene er viktige heile året, også med jul. Dei produserer jo mykje av julematen vår, både pinnekjøt og ribbe. Det er mat som høyrer julafta til for mange.

Sjølv skal Hilleren kose seg med både ribbe og pinnekjøt julekvelden. 

- Ja, me har litt av begge delar. Mor mi er frå austlandet og der åt dei svineribbe, medan tradisjonen her var pinnekjøt. Som eit kompormiss vart begge dei to rettane laga. Den tradisjonen har me teke med oss vidare, difor kosar me oss kanskje litt ekstra på julekvelden.