- Til jul et eg poteter, gulrøtter og epler som eg har produsert sjølv, seier Per Severin Hjermann.  

 Hjermann tek i mot Sogn og Fjordane Bondelag heime på garden i Lærdal. Garden har vore i familien sidan 1600-tallet og ligg under den mektige Stødnafossen på nordsida av Lærdalsøyri. 

- Det er kjekt å kunne ete eigenprodusert mat i høgtida. I tillegg skal eg kose meg med heimebrygga malteøl i kosekroken , gode historier og godt samvær med familie.

 

Stas med eigenprodusert mat

SATSAR: Hjermann har cirka 50 mål med gulrøter, 60 med poteter, 20 med epler, 30-40 med moreller og nesten 50 mål med blomkål.

 

-  Det er veldig fint å ha eigne produkt til jul. Då veit eg korleis dei er behandla gjennom sesongen. 

Hjemann overtok garden i 2007. Eit val han aldri har angra på. 

- Eg ville bli bonde fordi eg tykkjer det er moro. Dessutan er det viktig at me har norskprodusert mat. Om noko skulle skje, er det synd å bli avhengig av import. 

Som bonde må Hjemann tenkje nytt heile tida. Han fortel at arbeidet er med han døgnet rundt, og tankane kring jobben er mange. 

- Om ein tenkjer at ting skal vera som dei har vore, kan det fort bli slutt. Eg tenkjer ofte på korleis eg kan forbetre meg, og om eg kan løyse ting på ein anna måte. 

 

Gode tilbakemeldingar

GLAD: Hjermann set pris på alle tilbakemeldingane han har fått.

 

- Me får veldig gode tilbakemeldingar på produkta våre, dei fleste skryt uhemma. 

Hjermann lyser opp når han fortel om responsen. Han tykkjer det er motiverande å høyre at folk set pris på maten. 

- Kva kjenneteiknar grønsakene frå Lærdal?

- Dei er gode på smak, kjem det kjapt frå Hjermann.