- Eg likar å bake, seier Marit Flatjord.

Me møter ho heime på kjøkkenet i Stardalen i Jølster. Flatjord klarar ikkje hugse når ho laga lefser fyrste gong, men fortel at ho trudde det skulle vera vanskeleg. Då ho byrja, gjekk det mykje bedre enn ho hadde våga håpe på. 

- Me er tre venninner som brukar lage lefser, potetkaker og flatbrød saman. Det er veldig kjekt, praten går lett over bakekjevlen. Det er ein god anledning til å møtast, i kvardagen elles er det ofte veldig travelt.

 Ute ligg det eit tynt lag snø, det skapar julestemning.

- Eg håpar det blir snø på julafta også. Det er jul for meg, i tillegg til å gå i fjøsen sjølvsagt. Det å gå i saufjøsen på julafta, fôre dyra med silo, høyre dei tygge silofôret og kjenne kor stilt det er, skapar ei heilt spesiel stemning. 

 

Fin julegåve

LEFSER I GÅVE: Marit Flatjord bruker gje lefser i julegåve. Det er populært.

 

- Når lefsene er ferdige, skal dei smørjast med kling  forklarar Flatjord.

Ho fortel at ho brukar gje lefser i julegåve, og at det slår an. 

- Det er ikkje alle som har tid til å bake før jul, då er det kjekt å kunne gje vekk litt av det eg har laga. Folk seier dei set pris på det.

Etter lefsene er smurt, skal dei frysast. 

- Eg må gøyme lefsene godt, for elles blir eg frista til å ete litt no og litt då. Faren med det, er at det ikkje ligg så mykje att til jul. 

Flatjord ler. Ho lagar kaffi, og tek med seg ei smurt lefse ut i stova. 

 

Sjølvgjort er velgjort

NØGD: Marit Flatjord tykkjer lefsene smakar godt.

 

- Eg gler meg til å smake, for ein kan ikkje fryse ned alt. Ein smakebit er lov, seier ho smilande. 

Oppskrifta fekk Flatjord av ei nabokone, medan oppskrifta på klingen fekk ho av ei anna dame. 

- Eg brukar akkuart den oppskrifta, fordi deigen er veldig god å bake ut. Dessutan blir det veldig gode lefser. 

Flatjord tek ein god slurk kaffi, før ho et opp lefsa. 

- Ferske og nysmurte lefser er veldig godt, konstaterer ho.