Kurt Brun orienterer styret i fylkesbondelagetDet var i samband med fylkesstyret sitt todagars møte i Jostedalen at styret var på vitjing til Jostedal Industrier.  Ei verksemd med 6 tilsette som mellom anna utviklar og designer medisinsk utstyr.  Særleg har verksemda satsa på ulike operasjonsbord, og ho har kundar i store deler av verda. Kurt Brun stod fram som ein liten "Petter Smart" og han gav styret ei fin omvising i verksemda.  Verksemda har også teke over produksjon av pelletsomnar, men låge straumprisar og lite mediefokus gjer at marknaden for dette produktet førebels går noko tregt. 

- Eg tykkjer vi har fått tre interessante innleiingar for fylkesstyret i samband med styremøtet vårt her i Jostedalen seier Hilleren.  Møtet starta med ei orientering frå Martit Aakre Tennø vedrørande bulystprosjektet som ho hadde vore prosjektleiar, sidan inngjekk det omtala bedriftsbesøket hos Jostedal industrier og til sist innleia næringssjefen i Luster, Olav Grov om næringsutvikling og tilflytting til kommunene.  Det vart ein interessant dialog med Grov på morgonkvisten, og mange av problemstillingane kjenner ein att frå mange bygder i fylket.   I tillegg skulle styret handsame ulike saker som stord på styrekartet, så tida vart som vanleg i knappaste laget, men det er viktig for oss i Bondelaget å lære om andre næringar og lytte til personar som har jobba med ulike problemstillingar knytt til bygdene våre avsluttar Hilleren.