Magnus Grimset spelar gjerne ein trall i ledige stunder.

 

- Eg hadde aldri trudd eg skulle bli 100 år. 

Bonden, organisasjonsmannen og senterpartipolitikaren Magnus Grimset fortel han kjenner seg yngre enn papiret syner. 

- Når eg ser folk på 70-80 år, kjenner eg meg ofte på alder med dei. Eg hadde besøk av ein kar i 70-åra her, og han måtte sette seg ned for å ta på skoa. Då tenkte eg at han måtte skjerpe seg, elles blir han gamal for tidleg. Det er klart eg må setje meg ned, men når ein er 100 må det nesten vera lov.  

Grimset dreiv garden Hukset i Naustdal frå 1947 og fram til 1990. Han var fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag frå 1961-1972 og vart æresmedlem i organisasjonen i 1986. 

 - Tida i Bondelaget ser eg attende på med glede. Det var mykje reising, mange møter og viktige saker.  

 

Skal feire på garden Hukset

Dagen skal feirast på garden han dreiv i frå 1947- 1990.

 

- Alle som vil kan kome, me feirar frå klokka 15.00 og utover. 

 100-åringen er glad i folk og håpar mange tek turen.

- Eg er glad i å prate og diskutere. Det kan vera alt frå politikk, religon og kvardagslege hendingar. Heldigvis kjenner eg  ein del folk. Det er lurt, for det er ikkje alle ein kan diskutere alt med ler han. 

 

Sogn og Fjordane Bondelag vil publisere eit lengre intervju med jubilanten etter påske.