Liv og røre i Stardalen
Siste helga i april var det bygdenæringsdagar i Stardalen.
Bjørg Kjos-Wenjum er marknadssjef under Bygdenæringsdagane i Stardalen.
- Dette er eit viktig arrangement for Bygda. Tanken er å skape litt liv og røre, samt vise fram bygda på ein god måte.
Det fortel Bjørg Kjos-Wenjum. I tillegg til å vera marknadssfjef for Bygdenæringsdagane, har ho også stand.
- Ja, eg har ein liten brukthandel. Der sel både nye og gamle ting.
Det er 21. gong Bygdenæringsdagane blir arrangert, og for Kjos- Wenjum er heile helga eit høgdepunkt.
- For oss som bur her, er det fint å ha denne helga å sjå fram til.
Viktig for bygda
Trine Heggheim var med på å jobbe dugnad under arrangementet.
- Fint vær og mykje folk, dette er fantastisk fortel Trine Heggheim.
Ho fortel at Bygdenæringsdagane i Stardalen betyr mykje for bygda, og at nesten heile dalen er med å bideg.
- Ja, dette er både sosialt og viktig.
På bygdenæringsdagene for fyrste gong
Kristin Hafsås saman med barnebarnet sitt.
- Dette er eit veldig gjennomført og oversiktleg arrangement, seier Kristin Hafsås.
Ho er på Bygdenæringsdagane for fyrste gong. Sonen står på stand, og Hafsås er begeistra.
- Ja, eg kjem gjerne attende, ler ho.
Ynskjer du sjå fleire bilete frå arrangementet i Stardalen? Klikk her.