Bjørg Kjos-Wenjum er marknadssjef under Bygdenæringsdagane i Stardalen. 

 

- Dette er eit viktig arrangement for Bygda. Tanken er å skape litt liv og røre, samt vise fram bygda på ein god måte. 

Det fortel Bjørg Kjos-Wenjum. I tillegg til å vera marknadssfjef for Bygdenæringsdagane, har ho også stand. 

- Ja, eg har ein liten brukthandel. Der sel både nye og gamle ting. 

Det er 21. gong Bygdenæringsdagane blir arrangert, og for Kjos- Wenjum er heile helga eit høgdepunkt. 

- For oss som bur her, er det fint å ha denne helga å sjå fram til. 

 

Viktig for bygda

Trine Heggheim var med på å jobbe dugnad under arrangementet. 

 

- Fint vær og mykje folk, dette er fantastisk fortel Trine Heggheim.

Ho fortel at Bygdenæringsdagane i Stardalen betyr mykje for bygda, og at nesten heile dalen er med å bideg.

- Ja, dette er både sosialt og viktig.

 

På bygdenæringsdagene for fyrste gong 

Kristin Hafsås saman med barnebarnet sitt. 

 

- Dette er eit veldig gjennomført og oversiktleg arrangement, seier Kristin Hafsås.

Ho er på Bygdenæringsdagane for fyrste gong.  Sonen står på stand, og Hafsås er begeistra. 

- Ja, eg kjem gjerne attende, ler ho. 

 

 

Ynskjer du sjå fleire bilete frå arrangementet i Stardalen? Klikk her.