Fylkesstyret i Sogn og Fjordane Bondelag ser store utfordringar ved at luftekravet også skal gjelde kyr i lausdrift.  Det vil medføre store kostnader i form av bygging av luftegardar med fast dekke, utviding av gjødsellager til å kunne handtere nedbør og gjødsel i tilknyting til luftegarden og auka arbeidsbelastning for dei brukarane dette gjeld.  Alt dette utan at det vert nokon synleg gevinst i form av betre dyrevelferd for produksjonsdyra, godvilje for norsk landbruk eller betra økonomi for bonden.  I verste fall kan løysinga med intensiv lufting/beiting på dei næraste areala kring fjøset gje svarttrakka område som ikkje er noko god reklame for næringa.  Slike svarttrakka areal kan også vere ei utfordring for mjølkekvaliteten i form av til dømes auka førekomst av sporar i mjølka. 

- Med slikt ver som vi har hatt på Vestlandet dei siste åra vil det rett og slett vere heilt umogleg med beiting for større buskapar , og då er løysinga som forskrifta peikar på, luftegard, seier Hilleren.  - Eg har sjølv ein mindre buskap og ser kor vanskeleg det er å halde dyra reine og områda kring fjøsen fine med slik topografi og vertilhøve som vi har i store deler av fylket, held Hilleren fram..

Ungdyr, gjerne kvigekalvar heilt ned i 2 månaders alder og sinkyr skal sjølvsagt ut på beite.  Det bør også vere ei sjølvfølge at produksjonsdyr som slit med dårlege bein må tørrleggast noko før normalt for å kunne få ein lenger periode på beite.  Dette som eit ledd i arbeidet med dyrevelferda i den einskilde besetning.  Vanskane med å gjennomføre kravet til lufting vedkjem i størst grad buskapar med mjølkekyr i produksjon i lausdriftsfjøs med mjølkerobot, og i lausdriftsfjøs med ein buskapstorleik på over 25 mjølkekyr.  I mindre buskapar vil vi tru at vi vil få ei tilpassing til regelverket der ein i stadig større grad vil gå over til haustkalving, og med det gjere ei allereie skeiv mjølkekurve endå skeivare.

Styret i Sogn og Fjordane Bondelag forventar at styret i Norges Bondelag ser praktisk på denne saka, og medverkar til ei løysing som er fornuftig.  Det må opnast opp for at det kan bli gjeve dispensasjon frå forskrifta der dyrevelferden er god og til alle sider av saka er belyst opp mot alle endringane som har vore sidan vedtaket vart fatta.  Slik styret ser det er ikkje alle sider ved den mjølkeproduksjonen vi ser i dag belyst i høve forskrifta, og styret ser heller ikkje at det eksisterer gode og rimelege løysingar for luftegardar.  Sjølve forskrifta og rettleiaren for korleis denne skal handterast må gåast i gjennom med utgangspunkt dei store driftsmessige endringane som har skjedd i norsk mjølkeproduksjon dei siste 8 åra.  Jamfør til dømes den oppmjukinga ein fekk for det generelle kravet om lausdrift, avsluttar Hilleren