Forskrifta til den reviderte vaksenopplæringslova fastet ein del retningsliner som alle studieforbund må rette seg etter, men gjev også rom for lokal tilpassing når det gjeld offentlege tilskotssatsar hos det einskilde studieforbund. Det er no etablert to statlege tilskotsordningar til studiearbeidet; eit grunntilskot pr. gjennomført studiering og eit tilskot pr. klokketime for gjennomført studiearbeid.

Statlege økonomisk tilskot for studiearbeid gjennom studieforbundet NÆRING OG SAMFUNN:

  • kr. 400,- pr. gjennomført studiering.
  • kr. 65,- pr. gjennomført klokketime i studiearbeidet. Det er same økonomiske tilskotssats om studieringen er organisert med eller utan lærar.
  • Det krevst ikke dokumantasjon av kostnader for alt. lærar, læremateriell m. m., berre dokumentasjon av gjennomført deltaking. 
  • Mot tidlegare krav om minst 5 deltakarar i studieringen, er dette no redusert til 3 deltakarar. 
  • Kravet til minimum timetal for studieringen er redusert frå 12 til 8 timar.

Rettleiing i studiearbeidet, innmelding og rapportering av studieaktivitet får ein tilgang til på studieforbundet si internettadresse: http://naeringogsamfunn.no  Men dei tidlegare medlemsorganisasjonane  i BSF, kan framleis melde inn og rapportere studiearbeidet gjennom BSF og gjennom den tradisjonelle papirversjonen av ulike nødvendige skjema.

Sogn og Fjordane Bondelag vil med utgangspunkt i dette oppfordre alle lokale bondelag og andre landbruksorganisasjonar om å organisere fagleg og sosialt lagsarbeid som studieaktiviet gjennom det nye studieforbundet, med utgangspunkt i dei forbetra statlege rammetilhøva for studieringverksemnda.