Da gjeld å finne aktivitetar som er viktige for medlemene, og det pregar også arbeidsplanen til Høyanger Bondelag for komande år.  På agendaen står HMS kurs i varme arbeid, bondekafe, fråsegn til jordbruksforhandlingane og medlemsverving. 

Årsmøtet i Høyanger Bondelag vart skipa til på Lavik Fjordhotel

Opptekne av hjort og nettleige

Både tal hjort og nettleiga må ned, var den tydelege meldinga får lokallaget.  - Det er bra at fylkeslaget har sett fokus på trongen for å redusere hjortestamma.  Hjorten er for mange vorten meir til plage enn glede, og den er først og fremst til plage for oss som vil produsere godt gras til husdyra, seier Brekke.   Når det gjeld nettleiga, finn vi det svært urimeleg at vi som bur i eit fylke med stor produksjon av klimavenleg energi må betale mykje meir enn andre i nettleige!  Nettleiga må utjamnast mellom fylke som har overskot av produksjon og fylke som berre brukar straum utan å produsere så mykje som ein kwh, var den tydelege meldinga frå årsmøtet i Høyanger Bondelag

Frå v: Inge Brekke, Yngve Fardal, Arnt Inge Bosdal og Einar Meek Ljotebø

Da vanka artig gåve som takk til avtroppande leiar Per Johan Brekke