Einar Lie sender vervet som leiar i Aurland Bondelag vidare til kona Gøril Tveiten LieEinar hadde sete som leiar i lokallaget i 6 år og ynskte avløysing.  Årsmøtet var svært nøgd med at kona Gøril tok på seg vervet, og ho vart samrøystes vald som ny leiar i lokallaget.    Den avtroppande lokallagsleiaren kunne legge fram ei årsmelding som synte god aktivitet siste året.  Mellom anna hadde lokallaget engasjert seg i arbeidet med utarbeiding av ny næringsplan for kommunen.  Dette arbeidet er ikkje ferdigstilt. Å sikre verkemiddel som kan vere med på å utvikle landbruket i Aurland i næringsplanen vil vere eit av dei viktigaste arbeidsområda for det nye styret i laget.  Med seg i styret har Gøril Tveiten Lie: Sigurd Vikesland, Gunnhild Strand Borlaug, Harald Skjerdal og Olav Stalheim.