Kring 80  tillitsvalde frå fylkeslaga og lokallaga i Hordaland og Sogn og Fjordane er samla til eit leiramøte som er prega av landbrukspolitikk, klimapolitikk og organisasjonsutvikling.  - Utfordringane står i kø for landbruket i desse dagar, difor er det viktig å møtast for å drøfte utfordringane, held fylkesleiar Anders Felde fram.

Takk til Andreas Wiese og Arne Øvreås

Han starta møtet med å gje ros til ein av lokallagsleiarane som verkeleg har måtta stå midt i flaumen i haust.  Leiar i Luster Bondelag Andreas Wiese hamna brått i media sitt søkelys då flaumen råka Luster i oktober.  Han fekk vel fortent ros for måten han har takla alle oppgåvene på.  Han fekk også med seg ein bondegensar til naboen Arne Øvreås som er bondelaget sin lokale lyttepost i rovviltspørsmålet.  - Ingen har slik oversikt over tal jerv i fjellheimen som Arne, sa Anders Felde. 

Fylkesleiar Anders Felde t.h. rosar leiar i Luster Bondelag Andreas Wiese sin innsats i samband med flaumen i Luster i oktober.