Kring 100 tillitsvalde frå lokallaga og fylkeslaga i dei to fylka skal møtast til felles leiarmøte i Førde komande torsdag og fredag.  Der ventar eit rikhaldig program med mange spanande tema og innleiarar. 

I tillegg til leiinga sentralt i Bondelaget vert det innleiingar både frå påtroppande avdelingsdirektør for landbruk i region Vestland, Christian Rekkedal og noverande fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling.   Regiondirektøren i Mattilsynet Ole Fjetland skal innleie under tittelen Mattilsynet i møte med bonden.

Hovudtema elles er klima og organisasjonsprosessen.  Korleis vil Vestland påverke organiseringa av Norges Bondelag i framtida og korleis vil tiltak for å redusere klimagassutsleppa påverke bonden sin kvardag på den einskilde gard?

Her finn du programmet for årets leiarsamling