På vegne av fleire fylkeslag tok Felde tak i lausdriftkravet i mjølkeproduksjonen som gjev store utfordirngar for å kunne oppretthalde mjølkeproduksjonen i distrikta.

- Vi vil uttrykke sterk uro for at mindre og mellomstore mjølkebruk kjem dårleg ut av årets oppgjer samstundes som fjorårets oppgjer også var svært dårleg for desse driftseiningane. Når vi samstundes ser ein manglande vilje til å betre investeringsverkemidlane i ein grad som monnar, vil det verte svært vanskeleg å kunne oppretthalde volumet i mjølkeproduksjonen i distrikta på sikt, sa Felde  Når produsentane over år opplever manglande gevinst i jordbruksoppgjeret fryktar vi dette vil svekke investeringslysta og med det ein tiltrengt fornying av driftsapparatet på dei bruka som i dag produserer omlag 50 % av mjølka.  Dette er dei bruka som produserer mjølk på bås.

Med Landbruks- og Matminister Sylvi Listhaug i salen var det ein svært tydeleg Felde som snakka dei mindre og mellomstore bruka si sak.  - Det er eit kjempeløft som må til skal vi få til ein framtidsretta mjølkeproduksjon i distrikta!!

Her kan du lese brevet som vart levert til styret i Norges Bondelag