Hovudmålet i det nasjonale beiteprosjektet er eit sauehald med mindre tap av sau på beite.  Prosjektet har aktivitetar innan framtidsretta beitebruk og organisering i utmark, elektronisk overvåking av beitedyr og tap av beitedyr.

-  Tema første dagen var erfaringar dei forskjellege beiteprosjekta har gjort seg. Alt frå oppsetjing av gjerde til utprøving av lammenodar og radiobjøller, seier Flatjord.  - Det eg tykte var mest interessant var forskinga på flått og alveld.  Flåtten er det i dag eit effektivt middel mot (dysect), men ein forskar på resistens, kvar dei forskjellege sjukdommane på flått opptrer, og om det er genetiske forskjellar på sauene som gjer at nokon toler flått betre enn andre.

Alveldgåta påstår professor Atle Mysterud skal vere løyst i 2012! Så får vi sjå om det stemmer. -Viss det er blågrønbakteriar som gjer at sauene blir sjuke, kan ei vaksine utviklast på sikt, seier Flatjord. Men berre det å vite kva som er grunnen vil vere eit stort framsteg, avsluttar Marit Flatjord.

Plansjane frå konferansen finn du på Statens Landbruksforvaltning sine sider.