- Vi ynskjer å kome ut og møte medlemene og styra i lokallaga.  Difor prioriterer vi i styret å møte på alle lokallagsårsmøta.  Med god hjelp av vararepresentantane kjem vi runden rundt til alle dei 45 lokallaga.  I år har svært mange gjennomført møta sine i løpet av 14 dagar i oktober.  Det er hektisk og mange km i bil når det står på, men for min eigen del er desse møta både lærerike og motiverer til vidare innsats, held Kari Sigrun Lysne fram.  Sjølv har eg mykje fokus på grøntproduksjonen i det daglege.   Gjennom  årsmøta får eg også styrka kunnskapen kring husdyrproduksjonane.  Noko som er svært nyttig og viktig.  I tillegg får eg høyre mange gode kvardagshistorier, møte mange dyktige bønder og eg får kjenne pulsen på landbruket i ulike deler av fylket.  Kvardagsbondelaget i praksis!

 

Frå årsmøtet i Kjølsdalen der Bjørn Aardal vart attvald som leiar

Triveleg gjeng på årsmøtet i Olden Bondelag der Leiv Arne Egset held fram som leiar

Over snitten kveldsmat vert det også.  Som fårikål i Oppstryn :)  Du treng rimeleg bra musikk i bilen på veg heim for å halde deg vaken :)