Landkreditt held distriktsvise fagmøte, for å gje medlemane informasjon og for å kaste lys over aktuelle tema innan finans og økonomi. Møta er opne for alle.

Onsdag 19. mars kl. 11.00 held Landkreditt fagmøte på Rica Sunnfjord Hotel i Førde. Jostein Angedal frå Rekneskap Fjordane innleier om temaet: "Overdraging av gardsbruk ut frå endra lovgjeving, og litt om bøndene på Vestlandet sin økonomi". Grim Erik Gillestad frå Felleskjøpet orienterer om deira tilbod til unge bønder. Elisabeth Gjems frå styret i Landkreditt SA og Anders Sigstad frå administrasjonen i banken orienterer om nyheiter frå Landkreditt.

For at Landkreditt skal vere marknadsleiande på landbruk, ønskjer dei tilbakemeldingar frå deg som er medlem og bonde. Ved å delta på møtet kan du koma med innspel på korleis konsernet Landkreditt skal utvikle seg vidare.

Det vert servering under møtet.