Klassebesøket er ein del av prosjektet "Framtid i landbruket i Sogn og Fjordane". Dei same elevane har tidlegare vore ute på gardsbesøk i Naustdal, men tysdag 15. mars var turen komen til at representantar frå landbruksnæringa kom til klasserommet.

I starten var alle 9. klassingane samla, og dei fekk høyre om landbruket i Sogn og Fjordane og korleis landbrukssamvirket spelar ei rolle for både bonde og forbrukar. Etter fellesøkta vart elevne delte i tre grupper som rullerte rundt på foredrag frå Tine, Nortura og Felleskjøpet.

Odd Fauske frå Tine kunne fortelje at det i Naustdal er 47 eigarar av Tine, nemleg mjølkebøndene sjølve. Naustdals-bøndene produserer 4,5 millionar liter mjølk kvart år.

Arild Grimeland frå Nortura hadde rekna om kjøtleveransane frå bøndene i Naustdal om til tal middags-porsjonar. I fjor var dette over ein million middagar!

 

Felleskjøpet har bruk for kompetanse på mange felt, og Arild Herstad forsikra elevane om at naturbruksutdanning held mange moglegheiter opne.