NIBIO må utgreie kva konsekvensar ei eventuelle nedlegging av Fureneset vil få.   Konsekvensane må fram i lyset og NIBIO må finne løysingar som medverkar til utviklingsoglegheiter for landbruket i heile landet i tråd med målet om auka norsk matproduksjon på norske ressursar, held Felde fram!

Produksjonen av mat er vesentlege i dei tre fylka som særleg nyt godt av forskinga som vert utført på Fureneset: 

                                Kumjølk             Geitemjølk

Hordaland                    73,3                      1,1

Sogn og Fjordane      102,2                      2,7        

Møre og Romsdal      144,3                     2,6

Sum                            320,0                     6,4

For kumjølk vert om lag 21% av produksjonsvolumet på landsplan vert produsert i dei tre vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.   For geitemjølk er prosentvis del vesentleg høgare.  Grovfôrbasert kjøtproduksjon i vestlandsfylka  er om lag 20% av den samla grovfôrbaserte kjøtproduksjonen i landet.   Arealet nytta til grovförproduksjon og innmarksbeite er om lag 95% av jordbruksarealet.   Regionalt i indre fjordstrok betyr frukt og bærproduksjonen mykje.  Med eit slikt produksjonsomfang vil det vere avgjerande for den vidare  utviklinga av næringa at det vert forska på ulike problemstillingar som kan sikre betre grovforkvalitet av større mengde i desse fylka.  I dette arbeidet er Fureneset ein viktig nøkkel.

Auka produksjon, og i dette ligg auka grovfôravlingar/auka arealproduktivitet, overvintring i eng og klimatilpassa planter under ulike jord og jordfysiske forhold og ulikt og vekslande klima, er av viktige ”bestillingspunkt” frå LMD til Bioforsk.   Sameleis er redusert tap av næring til luft og vatn, herunder emisjon av klimagassar. Karbonbinding i jord er også spesifikt trekt fram.

Dette er punkt som er sentrale i det forskingsarbeidet som vert utført ved Fureneset, der prosjekta Fureneset er med i  har fokus på dette.   I denne samanheng må trekkjast fram arbeidet med klimatilpassing/klimatilpassa plantemateriale der Fureneset har vore- og er tungt inne i forskingsarbeidet.  (WINDSUR, VARCLIM, og no nye søknader som er sendt/vert arbeidd med).

Drenering, som det har vore lite forska på seinaste 10-åra, men  der dårleg dreneringstilstand er av årsakene og utfordringane m.o.t. låg avlingsmengde , låg utnytting av tilført næring, næringsavrenning, emisjon av klimagassar m.m. er eit forskingstema som Fureneset har gått tungt inn i saman med samarbeidspartar i Bioforsk og andre.  Det er lagt ned store ressursar i feltetablering og tilhøyrande instrumentering.   Dette er felt og utstyr som det er lagt til grunn også bør nyttast utover noverande prosjekt.

Problemstillingar kring langvarig eng er av naturlege grunnar sentralt i grovfôrdyrkinga på Vestlandet, sameleis problemstillingar knytt til husdyrgjødsel.   Fureneset har arbeidd med desse problemstillingane, og arbeider no saman  med andre for å få gjennomslag for nye forskingsprosjekt.  Karbonbinding i jord er då ei problemstilling som naturleg vil verta med som ein del av søknadane.   Skadeverknad av hjortebeiting på innmarksareal og produksjonsskog har det vore forska på.   For produksjonsskog må det gjerast meir arbeid.  Det som er gjort kan karakteriserast som eit byrjande ”kartleggingsarbeid” for å skaffa noko innsyn.   Omfang og økonomisk innverknad tilseier at her bør meir gjerast, noko Bioforsk Fureneset har teke opptakt til saman Skog og landskap.

For oss som skal halde fram med å produsere mat på Vestlandet  er det avgjerande å kunne ha forskingsmiljø som forskar på våre vekstvilkår.  Forskinga må skje der graset skal dyrkast ikkje i Rogaland eller Trøndelag, men på Vestlandet der både jordsmonn, nedbør og klima er annleis enn i andre geografiske område av landet.    Vi oppmodar difor interimstyret i NIBIO om å ta på alvor, at skal ein ha auka matproduksjon i våre område, så må ein også forske på kva tiltak som må setjast i verk for å nå dette målet.  Den forskinga må ha sitt utgangspunkt i der produksjonen skal skje avsluttar Felde.