Mat må vi ha for å leve.  Gras kan berre verte mat når da vert gjort om til kjøt av grasetande dyr.  Da verkar som svært mange ikkje har forstått at dette handlar om biologiske prosessar, seier Skarestad.   Viktig at Bondelaget er i front i klimadebatten då de er stort fokus på landbruk i media kring klimagassen me slepp ut, men lite fokus på kva landbruket har i + regnskapet, vart da sagt på årsmøtet i Fjærland Bondelag.   - Eg lurer på kor tid vi får politikarar som er modige nok til å snakke om utsleppa som kvar og ein av oss legg att på reiser i heile verda?  Da vert enkelt å "skyte" på biffen utan å nemne dei verkelege utsleppa som bruken av fossilt brensel gjev.

Aktiv og talefør gjeng på årsmøtet til Fjærland Bondelag

 

Ølboksar og plast på avvege

Årsmøtet i Fjærland Bondelag vil også utfordre Norges Bondelag på å få laga ein foldar om landbruksplast og ølboksar på avvege.  Da eine kan bondene gjere noko med sjølv.  Da andre handlar om kunnskap og haldningar.  Da skal verken kastast plast eller ølboksar i naturen er den tydlege meldinga frå Fjærland Bondelag

 

Ny kommune

Anders K. Mundal orienterte årsmøtet om dialogen som fellesstyret for Bondelaga i den nye Sogndal kommune har hatt med ordførar og rådmann.  Dette er eit viktig arbeid som må haldast ein god tråd i !  Det er viktg med eit sterkt og kunnskapsrikt landbrukskontor i den nye kommunen der noverande Sogndal, Leikanger og Balestrand skal verte ein kommune.

 

Styret i Fjærland Bondelag: f.v. Anders Skarestad, Anders K. Mundal, Knut P. Bøyum, Svein Arne Bøyum og Olav Horpedal