Haugen er 2. nestleiar i Norges Bondelag.  Ho start innleiiga si til årsmøtet med å minne om følgjande viktige ord frå Paris avtala:    “…vi må bedre evnen til å møte negative klimakonsekvenser og kutte klimagassutslippene på en måte som ikke truer matproduksjonen.“

Landbruket må tilpasse seg eit endra klima med meir nedbør og mindre føreseieelege driftsvilkår.  Forsking - og utvikling vil vere avgjerande både for å kunne gjere klimatilpassingar og for å kunne få ned utsleppa, sa ei tydleg Haugen.  Det kan vere 3 måtar å redusere utsleppa på:

* Redusere produksjonen

* Endre samansetnaden av produksjonen - ete mindre raudt kjøt til dømes

* Optimalisere produksjonen

Norges Bondelag meiner at det siste alternativet er den einaste farbare vegen. Ein må få kartlagt utsleppa på det einskilde bruk for deretter å sjå kva som kan gjerast for å optimalisere produksjonen med tanke på minst mogleg klimaavtrykk.  - Kan høyrest lett ut, men det er ikkje tvil om at dette kan bli vanskeleg og ta tid, held Haugen fram.  - Det er likevel heilt avgjerande at næringa sjølv er med og legg premissane og ikkje overlet det til styresmaktene, avslutta Frøydis Haugen.