Vi krev investeringsstøtte som også gjer det lønsamt for mindre bruk å fornye og tidstilpasse driftsapparatet sitt til ny teknologi. Vi krev at Innovasjon Norge får so vide fullmakter at dei kan stimulere alle typar bruk til å investere slik at også Vestlandsbonden kan vere med på ein framtidig produksjonsauke.

Landbruket og tilhøyrande næringsmiddelindustri er viktige verdiskaparar i Norge. Sett i eit nasjonalt perspektiv med oppblåst og subsidierte økonomi innan olje, gass og eigedom, er det viktig å styrke den delen av næringslivet som står for reell verdiskaping på lokale og fornybare ressursar.

Ei betring av investeringsstøtta er viktigast for dei minste bruka, og dei har vi mange av på Vestlandet, heiter det til sist i fråsegna som vil verte levert til Landbruks- og matministeren når han kjem til fylket komande veke..