Stortingsrepresentant Tore Storehaug frå Krf har fått plass i energi- og miljøkomiteen på Stortinget og vil med det få ei viktig rolle i forvaltninga av dei store rovdyra framover.   - Eg er glad for at Storehaug tek turen til Luster for å lære om korleis historia har vore sidan jerven kom attende til fjellområda i Indre Sogn i 1996, held Øvreås fram.

Med på møtet i Luster der også rovvilt var tema var Næringspolitisk talsperson i Krf, Steinar Reiten, leiar i Luster Bondelag Andreas Wiese, Jon Olav Kvamme frå fylkesstyret i Krf, Nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Ole- Ivar Åm Sognnes, representant for Luster Krf, Stortingsrepresentant Tore Storehaug, Arne Rebni Øvreås og fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Anders Felde.

Øvreås er ein av dei som kjenner skadeproblematikken og jervebestanden i region 1 og region 3 best etter å ha følgd utviklinga i over 20 år.  Gjennom fleire Stortingsvedtak er det stadfesta at region 1 skal vere beiteprioritert område.  Rovviltforliket frå 2011 seier tydeleg i punkt 2.2.19:   «Det skal ikke være rovdyr som representerer et skadepotensial i prioriterte beiteområder for husdyr og kalvingsområde for tamrein.» 

2017 har vore ein god beitesesong med lite tap, men det må ikkje bli ei sovepute sa Øvreås.  Uttak av fleire jerv vinteren 2017 gav grunnlag for ein god beitesommar.  Nye jervar kjem til og erfaring viser at SNO må gjere årvisse uttak av jerv i Indre Sogn for å kunne halde tapstala nede.  Øvreås var tydeleg, i møte med stortingsrepresentant Storehaug, på at uttak må også skje vinteren 2018.  Han var også svært tydeleg på at dagens fylkesgrense som skilnad mellom beiteprioritert området og rovviltprioritert område ikkje fungerer.  Jerven ser ikkje fylkesgrensa.  Den let seg i mykje større grad styre av dei store dalføra og vassdraga.  Ottadalføret vart peika på som den naturlege grensa.