Gjennom kvoteordninga sikrar vi ein geografisk fordeling av mjølkeproduksjonen.  Vi ser allereie med dagens regionar at mjølkeproduksjonen styrker seg i klyngjer med gode produsentmiljø.  - Eg fryktar at ei opning for større regionar vil flytte mjølkevolumet og gje ei endå sterkare sentralisering av produksjonen i regionen, held Gjengedal fram.    Det vil gje meir areal som går ut av produksjon i nokon området, og ein svært sterk kamp om arealet i andre område.  Det er uheldig! 

Den norske landbruksmodellen med sin rike verktykasse er ei suksesshistorie om korleis ein kan klare å legge til rette for verdiskaping i heile landet.   -  Eg bur sjølv på ein stad litt utanom allfarveg.  På ein stad der norsk landbrukspolitikk gjer det mogleg å bu og produsere mat til mange menneske, held Gjengedal fram.  Kvoteordninga for mjølk er ein av mange viktige reiskapar i ei total løysing. 

- Den nye jordbruksmeldinga gjer meg uroa for framtida, då regjeringa i kapittel etter kapittel angrip verktykassen vår, seier Gjengedal.   Kapittel 10 i meldinga omhandlar marknadsbalansering som kvoteordninga er ein del av.   

- Summen av alle dei endringane som regjeringa kjem med framlegg om i kapittel 10, vil vere dramastisk for distriktsbonden.   Mange verkty vert rustne og fleire verkty vert fjerna.  - Alle som har praktisk erfaring vil då raskt forstå at ikkje alle oppdrag, på vegne av det norske samfunnet, kan bli utført like godt som før, avsluttar Gjengedal