ENGASJERT: Nils Magne Gjengedal er styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag.

 

Kven skal eige jorda i Sogn og Fjordane?

Du tykkjer kanskje spørsmålet ovanfor er vanskeleg å svare på?  Vi har i dag har ein situasjon der det er meir enn 11.000  eigarar til matjorda og utmarka i fylket vårt.    Det er mange som eig, og som deler på ansvaret for å forvalte areala til nytte og glede for oss som bur her.   Eg seier ikkje at alt er perfekt,  men vi har eit system der mange grunneigarar i samarbeid må finne løysinga på utfordringar innan for bøgarden og i utmarka.  Vi har eit lovverk gjennom konsesjonslov, jordlov og odelslov som sikrar at eigarskapen ikkje blir lagt på få hender gjennom frie oppkjøp frå kapitalsterke personar eller andre statar for den del.  

 

I desse dagar er store deler av lovverket som regulerer omsetnad av landbrukseigedommar i Noreg under press.    Stortinget sin Næringskomité handsama 16. februar 2016 regjeringa sitt forslag om å oppheve konsesjonslova sin priskontroll og (i praksis) forslaget om å oppheve konsesjonslova.  Ved handsaminga vart det klart at det ikkje var fleirtal for desse forslaga, men at det skulle utgreiast omfattande endringar. Landbruks- og matdepartementet sendte på det grunnlag ut nytt høyringsnotat før sommarferien, der ei rekkje forslag til omfattande endringar av konsesjonslova, jordlova, odelslova og forpaktingslova.       Det er særleg verdt å merke seg at «Regelrådet», eit organ som er sett ned av dagens regjering, har uttalt seg kritisk til forslaget sine manglande vurderingar av verknader for landbruksnæringa og samfunnet.  Vidare har regelrådet kritisert manglande vurdering av alternative løysingar  til avregulering.

 

Det er vanskeleg å sjå konsekvensane av alle endringane, men det er ikkje tvil om at endringane samla opnar opp for at eigarskapen til jorda i Noreg kan samlast på få hender.   Anten hos kapitalsterke einskildpersonar eller hos investeringsselskap med utanlandsk kapital.  Det skjer ikkje over natta, men over tid vil utviklinga gå i den retning.  Er det slik vi ynskjer det?  Ynskjer vi å bli leiglendingar i eige fylke?   Det minste ein kan forvente ved så store framlegg til endringar i lovverket er ei grundig vurdering av konsekvensane over tid.  Dette er fullstendig mangelvare i høyringsnotatet frå departementet.  Lovverket som regulerer eigarskapen til matjorda og utmarka  er for viktig til at det skal kunne endrast utan at konsekvensane av endringane er skikkeleg utgreidd!