I fjor var mellom anna mjølkebonden Andreas Bolset frå Jølster nominert til prisen årets unge bonde. 

 

Onsdag 20. september går fristen for å nominera kandidatar til "Årets unge bonde 2017" ut. Kjenner du ein bonde under 35 år som er eit godt førebilete for andre?

I år blir det sett spesielt etter bønder som driv garden på ein innovativ og framtidsretta måte.

Kanskje kjenner du den beste kandidaten! Meld inn ditt forslag her. 

 

Prestisjetung pris

Sidan 2010 har over 2000 bønder blitt nominerte til den prestisjetunge prisen. I fjor vurderte juryen over 400 kandidatar.

Vinnaren får, i tillegg til heider og ære, 20 000 kroner i reisestipend. Samt avløysar inntil ei veke. 

"Årets unge bonde" er eit samarbeid mellom Norges Bygdeungdomslag, McDonalds Norge og Felleskjøpet Agri for å auka rekrutteringa til norsk landbruk og setja fokus på produksjonen av norsk kvalitetsmat.