Vi vart med mjølkebonde Kjell Flaten på beite for å sjå til kvigene hans. Der snakka vi litt om korleis ein skal oppføre seg kring beitande storfe.

- Eg vil oppfordre folk til å halde seg roleg og gå sakte forbi. Det er viktig å ikkje stresse opp dyra, seier Flaten. Han seier vidare at ein skal halde hunden i band, då kyrne er nysgjerrige og kan søke mot hunden. Ferdast ein på beite med ammeku, er det veldig viktig at ein ikkje går bort til kalven. - Kyrene har eit sterkt morsinnstinkt når dei går ute med kalv, og går ein imellom desse kan det oppstå farlege situasjonar.

Det er viktig å ha respekt for dyra når ein ferdast i naturen. Ein laus hund kan skremme opp både ville dyr, t.d. hjortekalvar og fuglar, men også skremme beitande dyr som sau og storfe. Mange hundar er ikkje vand med å møte ville dyr eller beitande husdyr. Det kan difor vere vanskeleg for hundeeigar å vete korleis hunden vil reagere. Å ha hunden i band er ein lett måte å unngå at farlege situasjonar oppstår. 

Det viktigaste er at du held god avstand til flokken. Dersom dyra vert nærgåande når du har med deg hund i band, slepp hunden slik at du ikkje risikerar å hamne i ein farleg situasjon. Kyra kan oppfatte hunden din som rovdyr og dermed angripe for å beskytte seg/kalven.

Lengda på bandtvang varierar frå kommune til kommune, så sjekk heimesida til kommunen du ferdast i om du er i tvil. På landsbasis er det bandtvang mellom 1.april og 20. september.  

Husk sporlaus ferdsel og går du gjennom ei grind, lat den igjen etter deg. :)

Her kan du laste ned kuvett-reglane som PDF fil.