STYREMEDLEM I HYEN BONDELAG: Torunn Ommedal Aandstad.

 

- Eg håpar mange kjem på kurset, for det er viktig å alle papir i orden. Forsikringsselskapa stiller krav til bønder om å ha sertifikat for utføring av varme arbeid, og sertifikatet må fornyast kvart femte år. 

Det fortel Torunn Ommedal Aandstad. Ho er studieleiar, og har ansvar for å setje i gang kurset. 

- Til no har me 17 stykker som er påmeldt, men me har plass til 25. 

Ifylgje Ommedal må folk ha mat med sjølv, men seier at Hyen Bondelag stiller med saft og kaffi. I tillegg vert det servert frukt og grønt. 

- Kurset kostar 1800 kroner for dei som er medlem i Norsk Landbruksrådgiving, og 2340 kroner for ikkje medlem. 

 

Her finn du heile programmet, og informasjon om påmelding.