KSL-revisor Henriette Sowerby Breivik i bilen på veg til nytt oppdrag.

- Å jobbe som KSL-revisor midt i ein pandemi har i grunn gått greitt, fortel Henriette Sowerby Breivik. - Me hadde frå før ganske strenge rutiner i forhold til smittevern so då har det ikkje vore ei særleg stor omstilling for oss, seier ho. 

Då dei starta oppatt arbeid etter korona kom til landet, vart det krav om ekstra sett overtrekk allereie frå ein gjekk ut av bilen, halde avstand til bonden, gjennomføre revisjonen utandørs om mogleg, samt å unngå å ta på dørhandtak, dyr, innreiing osv. - I tillegg har vi sjølvsagt hatt handdesinfisering tilgjengeleg og gode rutiner for vask av både bil og utstyr, seier Breivik. Bønder som er i risikogruppa eller har familie i risikogruppa og ikkje er komfortable med besøk på garden, har fått tilbod om å avvente revisjon til det roa seg.

Breivik starta som KSL-revisor våren 2019, og stortrivast i jobben. - Det er ein utrulig kjekk jobb! Eg får reist rundt og sett mange flotte plassar, møte kjekke folk, og so er det veldig spenande å sjå korleis folk driv gardane sine og løyser ulike utfordringar, fortel Breivik.

Som KSL-revisor er oppgåva til Breivik å gå gjennom KSL-systemet til bonden og sjå at alt er på stell. - Mange trur eg er her for å kontrollere dei og blir nervøse. Men sjølv om det er ein kontroll so er poenget at me skal vere ei hjelp og støtte for bonden. Dette er bonden sitt eige system og hugseliste, og ein lett måte å få kontroll over kvardagen. Me kjem ikkje med peikefingen, me skal heller hjelpe til med å rettleie og finne gode løysingar, seier Breivik.

- Nesten alle får eit eller fleire avvik når dei har besøk av ein KSL-revisor, men det er ytterst sjelden at dette er alvorlege avvik som er vanskelege å løyse. Eit typisk avvik som går igjen no for tida er å ha på plass smittevernplan og smittesluse. Dette ser vi ofte, men dette er noko me som revisorar kan gje tips om korleis bonden kan løyse når me er der på tilsyn, seier Breivik.

Tips til bonden

  • Sjå på KSL som eit hjelpemiddel i kvardagen, som eit verktøy for å hugse alt som skal gjerast og dokumenterast. Det er ditt interne kontrollsystem, ikkje tenk på det som eit system andre skal bruke for å kontrollere deg. Du veit, det er ofte lettare og meir økonomisk å gå på butikken med ei handleliste,  og det same gjeld for å bruke KSL
  • Sett av ein fast dag i året til eigenkontroll. Då har du denne dagen til å gå gjennom papira, ta vernerunde, el-kontroll og oppdatere beredskapsplan. Bruk dagen, og so veit du kva du har og kva du må få på plass.
  • Inkluder familien og avløysaren i vernerunda  og beredskapsplanen slik at dei er oppdaterte.
  • Når du fyller ut eigenrevisjon, legg merke til om spørsmålet stiller krav til dokumentasjon. Dette har blitt synleggjort betre i den nye versjonen som nett er komt ut.
  • Alt du kan notere - noter det. Om du har ei notsiblokk i baklomma eller ein app på telefonen er ikkje så farleg, gjer det som er greiast for deg.