Kristen Grov held fram som leiar for Gloppen Bondelag

Publisert 27.11.2019
  • Tips en venn om denne siden

Årsmøtet til Gloppen bondelag var på Gloppebua midt i Sandane sentrum. Laget har 223 medlemmar og er veldig aktive på verving.

 

AKTIVT LAG: Gloppen Bondelag. 

 

Styret har hatt 6 styremøter. Leiaren deltok på leiarmøte, leiar, nestleiar og styremedlem deltok på Fylkesårsmøtet. Leiar deltok på møte kvelden før med tema handtering av media og medlemsverving.

Laget har arrangert to innsamlingar av stålavfall. Det har vore eit godt samarbeid med Retura som har sett ut og henta inn containere. Det vil bli meir av dette komande år. Har vore containere i Fjellbygda, Vereide, Breim, Rygg og Kandalskrysset. Det vart sendt inn innstilling framfor jordbruksforhandlingane. Medlemsmøte i mars med tema avfalshandtering og utfordringar kring beitedyr og hund og hundeeigarar. Gloppen Bondelag deltok på Matamål med store styrker og mange aktivitetar.

 

Medlemmane har spelt inn ein del saker det er ynskje om at styret skal arbeide vidare med

  • Sette trykk på fylket og kommunen for betra vedlikehald på vegane.
  • Korleis få unge bønder inn i næringa.
  • Kortare ventetid for oppkøyring for traktorsertifikat ta kontakt med køyreskulane?
  • Styrke Gloppen som landbrukskommune i nye Vestland fylke. Synleggjere verdiskapinga frå Gloppen.
  • Gjer Norges Bondelag nok for sauenæringa? Større einingar trass overproduksjon, auka tilskot til til sau.
  • Meir kontakt mellom skule og landbruket. Spesielt mjølk og kjøt.

 

Gry Ingvild Agjeld orienterte frå arbeidet til fylkesstyret i Sogn og fjordane bondelag, med tema kva gjer bondelaget for dei ulike landbruksnæringa.

 

Styret i Gloppen Bondelag:

Kristen Grov - Leiar 

Øystein Fjellestad

Hans Arne Lundestad

Ole Jens Grov

Erlend Hamre

Nina Engelbrektson

Jan Atle Rauset - Vara

Åge Faleide - Vara

Marit Elisabet Larsen - Vara

 

 

Landbrukskonferanse i Ørsta

Landbrukskonferanse i Ørsta

Torsdag 25.januar vert det arrangert Landbrukskonferanse i Ørsta kulturhus kl 10-16. Arrangør er Ørsta næringskontor, landbrukskontoret Ørsta Volda, Skogeigarlaget og Bondelaga. Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, er blant innleiarane.

Rekordstor satsing på nye fjøs

Rekordstor satsing på nye fjøs

I 2017 vart det gitt støtte til bygging av 14 nye kufjøs, 12 nye fjøs for ammeku og 12 nye fjøs til sau. Her er det plass til 570 mjølkekyr, 276 ammekyr og 1800 sauer.

Fylkesleiar Anders Felde

Startar 2018 med kursing av tillitsvalde

- Å ha eit oppegåande lokallagsapparat er avgjerande for Norges Bondelag, seier fylkesleiar Anders Felde. Han er glad for at organisajsonen sentralt set dette på dagorden og tilbyr kurs for tillitsvalde i lokallaga kring i heile landet.

No kan du opne luke 24 i julekalenderen vår.

Luke 24

No kan du opne luke 24 i julekalenderen vår.

No kan du opne luke 23 i julekalenderen vår.

Luke 23

No kan du opne luke 23 i julekalenderen vår.

Dette skjer i Sogn og Fjordane Bondelag

Torsdag
05
mars

Fylkesårsmøte 2020

Thon Hotel Jølster - Skei

Våre samarbeidspartnere