LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde. 

 

- Landbruket har store utfordingar dei neste fire åra, og det er viktig at Regjeringa tek tak i utfordringane. 

Anders Felde fortel at Regjeringa har blitt svekka, fordi dei no er avhengig av både V og Krf for å få fleirtal i Stortinget den neste perioden. 

- Krf har tidlegare kome med ein landbruksgaranti, noko me forutsett at dei gjer dei komande åra også. 

 

Krf sentrale for utviklinga

- For oss i landbruket vert Krf veldig sentrale i å sikre ei positiv utvikling i landbruket, seier Felde.

Han ynskjer at dei skal reversere forslaget mot nydyrking av myr, og jobbe for å behalde opplysningskontora. 

- Eg håpar Krf kan bidra, slik at me får parkert forslaga om endringar her. I tillegg ynskjer me inntektsutvikling for små og mellomstore bruk, og ein investeringspakke for norsk landbruk. Krf har vore ei tydeleg stemme her, og det håpar me dei held fram med vidare også.