- Det har eskalert seier Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag. 

Budsjettnemnda for jordbruket la 7. april fram tal som syner inntektsutviklinga i jordbruket. Dette talmaterialet utgjer eit viktig grunnlag for årets jordbruksoppgjer.

- Sogn og Fjordane har dei minste mjølkebruka i landet. Inntektsutviklinga for bruk under 20 kyr er nærast fråverande. I fylket vårt er gjennomsnittsbruket på 18-19 kyr. 

 

Forklarar grunnen

- Vestlandet har mange små bruk, og med grepa Regjeringa gjorde i 2014 vart det flytta pengar frå dei små areala til dei store.

I fylgje Felde kan ein bygge relativt effektive fjøs på Vestlandet, men at det er vanskeleg å effektivisere arbeidet ute på garden.

- Grasareala våre er framleis like våte og bratte. Det gjer at gardsarbeidet tek lengre tid enn andre plassar i landet. 

Felde fortel at inntekta pr. årsverk for eit mjølkebruk på Vestlandet ligg cirka 35 000 under landsgjennomsnittet.

- Det går ikkje an, vi ynskjer ein kraftpakke som gjer økonomien for Vestlandsbonden betre.

 

- Må prioriterast

- Skal Vestlandet greie å halde matproduksjonen oppe, må jordbruksoppgjeret prioritere dei små og mellomstore bruka.

Felde vil få på plass budsjettmidlar som rettar seg mot strukturverkemidla. Vidare ynskjer han eit geografisk retta verkemiddel som treff Vestlandet.

- Vi treng ein kraftpakke med økonomiske verkemiddel retta mot Vestlandet.

6.april la næringskomiteen på Stortinget fram si innstilling til jordbruksmeldinga.  Der slo fleirtalet fast at “inntektsmulighetene må vere tilstede innenfor en variert bruksstruktur”.

- Vi forventar at dette blir fulgt opp i dei komande jorsbruksforhandlingane, avsluttar han.