Difor sende Sogn og Fjordane Bondelag sist veke eit brev til Miljødirektoratet med kopi til departementet der trongen for ekstraordinært uttak av jerv vert teken opp.  Sogn og Fjordane Bondelag vil be direktoratet om å førebu og setje i verk ekstraordinært uttak av jerv i region 1 i regi av SNO.   For å redusere trongen for hiuttak, er det viktig at arbeidet kjem i gong før lisensperioden går ut.  Dette er også viktig for å kunne nytte periodar med gode sporingstilhøve og stabilt ver.   Oversikta nedanfor er henta ut frå rovbasen og syner eit urovekkande stort tal jervetisper i fjellområda mellom region 1 og region 3. 

Kjønn

Individnr

Registrert

år

Registrert kommune

 

Tispe

3556

13

 

16

17

18

Vågå, Gjende i Lom, Utladalen og Årdalshalvøya i Luster og Årdal.

Visdalen i Lom og Gokkerdalen, Lom

Gokkerdalen, Lom

Ingen registreringar. Sannsynlegvis felt i oktober 2018

Har yngla i Visdalen, Lom, i 2015, 2016, 2017, 2018

Tispe

Ukjend

17

18

Har yngla i Lundadalen, Skjåk, i 2017, 2018

Anten er dette ei minst fire år gammal tispe som aldri har vore registrert, eller det kan vera 3591 som var registrert i 2014

Tispe

3591

14

Mørkridsdalen i Luster

Hann

3711

16

Stryn

Tispe

3714

17

Sør Fron og Nord Fron

Tispe

3744

17

Sprongdalen, Jostedalen og Høyrokampen, Lom

Tispe

3750

18

Skogadalen, Ofredalen

Hann

3754

18

Rauddalen i Skjåk

Tispe

3756

18

Sunndalen i Stryn, Strynefjellet, Rauddalen i Skjåk

Truleg yngla i Raudalen i Skjåk

Hann

3760

18

Visdalen i Lom

Tispe

3771

18

Mårådalen i Skjåk

Hann

3557

13

Utladalen i Luster

Hann

3592

14

Mørkridsdalen i Luster

 

Den viser 8 tisper. 1 er felt i haust i Lom.  Sjølv om ein tek omsyn til usikkerheit om at alle dei andre 7 framleis er i live, så må ein rekne med at dei 6 som vart registrerte i 2017 og 2018 framleis er i området.  I tillegg må ein ta omsyn til tilveksten i form av 3 ynglingar sist vår.  Det tilseier normalt 3 tispekvelpar.   Det vil sei at vi svært sannsynleg har 9 tisper her i grenseområda.  3 ynglerevir er opptekne i Lom og Skjåk.  Difor er det sannsynleg at dei unge tispene må etablere sine revir inne i Sogn og Fjordane.  Dette er ein svært alvorleg situasjon og må takast på største alvor i uttaket denne vinteren. Uttaket må gjerast så målretta som på nokon måte mogleg for å få teke ut så mange tisper som råd.

I rovviltforliket står det at dyr som kan utgjere eit skadepotensiale skal takast ut før beitesesongen.  Rovviltnemnda i region 1 er svært tydeleg på dette, både i sine mål og i fastsetjing av kvote for lisensjakta.  Vi forventar at dette vert følgd opp av Miljødirektoratet og Klima og Miljødepartementet.  Dette er heilt naudsynt for å kunne sikre Indre Sogn sin status som beiteprioritert område