Dette vil vere i tråd med rovviltforliket som er vedteke av Stortinget, held Hilleren fram.  Ved å starte uttaket no kan ein i sterkare grad unngå å måtte ta ut hi seinare i vinter

Kommuneoversikta syner at samtlege kommunar som grensar mot Oppland framleis har høge tap, frå Stryn i nord til Lærdal i sør. Luster hadde også i 2011 dei høgste tapa og i Skjolden beitelag hadde fleire buskapar heilt uakseptable tap, ein buskap med 17,5 % lammetap (39 lam), ein 12 % (15 lam) og ein 8,7 % (22 lam). Beitelaga Ofredal og Naddvik i Årdal hadde også fleire buskapar med slike tap.  Når vi ser på den geografiske utstrekninga av skadeområda og observasjonar i dei ulike områda, er det ingen tvil om at minst sju jervar gjorde skade i fylket, medrekna ei tispe med minst ein kvelp. I 2011 vart det ikkje registrert jerv i Sogn og Fjordane som framleis er i live. Det er heva over tvil at det er dyra som er registrert på Opplandssida som har gjort skade hjå oss og at dei har sine leveområde på begge sider av fylkesgrensa.

Når ein ser på DNA-analysane for dei tre siste åra for området frå Skjåk til Valdres og Sogn er det registrert 9 jervar, fire av desse er tisper. I tillegg kjem 3-4 kvelpar frå dei to ynglingane sist sommar, til saman 12-13 dyr. Ein kan heller ikkje utelukke at det framleis er ukjende dyr i området. Forvaltning må skje på bakgrunn av forsking og erfaring. Erfaringa seier oss at bestanden er noko større enn det me kan dokumentere. All erfaring tyder på det. Det kan vere ynglingar som ikkje vert fanga opp, eller det kan vere innvandring.

Vi er kjend med den uavklara situasjonen kring forvaltningsplanen i region 3. Vi vonar det i siste runde vert gjort endringar som sikrar ei buffersone mot region 1. Vi har ved mange høve sagt at Ottadalføret og Gudbrandsdalslågen er ei slik naturleg grense for ei beiteprioritert buffersone mot region 1. Fjorårets beitesesong syner starten på kva konsekvensane kan bli viss ikkje det vert sett i verk ekstrauttak på begge sider av fylkesgrensa mellom Oppland og Sogn og Fjordane. Vi forventar at styresmaktene set i verk ekstraordinært uttak både i Sogn og Fjordane og i grenseområda i Oppland. Dette er heilt naudsynt for å kunne sikre Indre Sogn sin status som beiteprioritert område.