I eit fråsegn frå fylkespolitikarane heiter det at framtidig jordbrukspolitikk må ta i vare fylket og distrikta sin eksisterande bruksstruktur. Verkemidla må styrast slik at også små og mellomstore bruk vert tekne i vare. Forenkling må ikkje gå på bekostning av treffsikkerheita i tilskotsstrukturen.

Senterpartiet fekk i tillegg støtte for å legge inn eit ekstra punkt om at gode inntektsmoglegheiter er det viktigaste verkemiddelet for å nå desse jordbrukspolitiske måla. 

Fråsegna fekk tverrpolitisk støtte i hovudutval for næring og kultur, med unntak av Marita Gunn Aarvik (Frp) som røysta imot. 

 

Les fråsegna her.