ÅRSMØTE: Fjaler og Hyllestad Bondelag

 

Etter gjennomgang av årsmelding og rekneskap orienterte Ole-Ivar Åm Sognnes frå fylkesstyret. Av dei aktuelle sakene var det utfordringar knytta til investering og lausdriftskrav som engasjerte mest. 

I Hyllestad er det pr dags dato ingen lausdriftsfjøs til mjølk. I Fjaler er det, medrekna planlagte/godkjente bygg, knappe 35 % av mjølka som er produsert i lausdriftsfjøs.

Det vart fleire gonger påpeika at potten for BU-middlar må aukast betydeleg. Dagens ordning med 25% og tak på 2 millionar kroner er eit absolutt minimum for at det skal vere interessant/økonomi i nybygg til 25-30 mjølkekyr. For mange vert beiting ei stor utfordring dersom besetningane aukar vesentleg, kanskje spesielt i Hyllestad.

 

2024

Problematikken rundt årstal/dato 2024 vart diskutert, både fjerning og utsettjing. Lokallaget såg det som urealistisk å fjerne kravet, men ynskjer ein meir glidande/naturleg overgang. Om kravet blir ståande som absolutt, er mange redd for at det vert ein dato for avvikling.

Mange faktorar spelar inn, medlemmane frå Guddal påpeika spesielt korleis alt heng saman. Det er lite interessant å bygge fjøs til 6-10 mill dersom skule, vegstruktur og arbedismarknad i utkantane vert nedprioritert frå kommunesenteret. Laget ynskjer at lokallag, fylkeslag og NB er tydelegare på desse samanhengane. 

Det vert utarbeida ein uttale til høyringssaka vedrørande lausdriftskravet, med utgangspunkt i årsmøtedebatten.

 

Val

 

Valnemda lukkast ikkje med å finne ny leiar. Årsmøtet valde nytt styremedlem innstillt frå valnemd, og vedtok at styret må konstituere seg sjølv.

Det nye styret er: 

- Ørjar Eiken

- Hilde Åsnes

- Per Magnar Sognnes

- Camilla Avedal Ulvik 

-1.vara: Bjørn Atle Systad

 

Tidlegare leiar Ole-Ivar Åm Sognnes vart  takka for innsatsen med ulike verv i lokallaget frå 2007.