Elvar og vassdrag har gått over sine bredder og gjort skade på eigedom, jordbruksareal og avlingar i Gloppen og Stryn kommune sist måndag.   Det er viktig at du dokumenterer skade med bilete.  Dette kan vere lurt å gjere sjølv.  Om du har bilete på korleis det såg ut i same omrdået før det vart skade er det også viktig.

Naturskadeordninga dekker skade på objekt det ikkje er mogleg å forsikre mot naturskade gjennom alminnelig privat forsikringsordning som vegar, bruer og jord- og skogbruksareal.    Vanlege forsikringar dekkjer skade på mellom anna hus, innbu, hageanlegg, bilar, maskiner, utstyr og båtar. Objekt som ikkje kan forsikrast er til dømes vegar, bruer, dyrka mark og fruktfelt. Indirekte skade som tap etter straumbrot og stans i drifta vert ikkje dekka som naturskade. Tapt eller øydelagt avling vert heller ikkje erstatta. Det som avgjer om du kan søke erstatning er om objektet kunne vore forsikra, ikkje om det faktisk var forsikra.   Ordninga dekker utbetring av skader - ikkje forbetring av standard eller sikring mot nye skader.    Frå 1. januar 2017 kom det en ny lov om erstatning for naturskade. 

 

Korleis skal eg melde frå?

Naturskade skal meldast på eit digitalt søknadsskjema. Skjemaet og informasjon om naturskadeordninga finn du på http://www.naturskadeordningen.no/  Fristen for å søke er tre måneder frå skade har skjedd.

Søkjar er ansvarleg for å dokumentere skaden og kostnaden med reparasjonane. Det er då VIKTIG med gode bilete av skaden og kart som viser skadestaden. Når kostnaden er under kr 50 000 kan søkjar dokumentere dette med eige oppsett og bilde. Større kostnader krev anbod, og kostnader over kr 200 000 skal dokumenterast med minst to anbod eller takstrapport frå autorisert takstmann. Det kan også søkjast erstatning for meirkostnader og redningskostnader (sjå forskrifta kap. 2 og 3)

Landbruksdirektoratet har ansvar for sakshandsaming og erstatningsutmåling av naturskade. I kompliserte saker kan Landbruksdirektoratet hente inn tilleggsvurderingar ved å bestille takst over skadene frå takstmann

Kven kan søke?
•Alle private eigarar kan søke naturskadeerstatning
•Personar med leigejord
•Veglag og foreininger
•Tomtefestarar og andre rettigheitshavarar

Utrekning av erstatningssummen

Skadelidte blir belasta ein eigendel.  For skader som har oppstått etter 2016 blir ein belasta 30 prosent av dei første 100.000 kronene + 15 prosent av beløpet som overstiger 100.000 kroner.

 

Ei lita oppsummering av oppskrift på framgangsmåten :

  • Avklar med forsikringsselskapet ditt om du er dekka av forsikringa
  • Dersom du er det, be forsikringsselskapet sende takstmann for vurdering av skaden
  • Er du ikkje dekka av forsikring må skaden dokumenterast med bilete og eventuelt anna dokumentasjon
  • Få pris på reparasjon av skaden
  • Søk erstatning via Statens naturskadeordning på Landbruksdirektoratet

Dette gjeld skadar på vegar, bruer, kaiar og moloar, skog –med årsak flaum og skred, andre byggverk som ikkje er dekka av vanleg forsikring og jordbruksareal.

For bønder som har fått skadar på leigejord: Avklar med eigaren av jorda kven som skal reparere arealet. Den som leiger areal kan få erstatning for reparasjon av arealet dersom grunneigar gjev fullmakt til dette.

Ein konsekvens av øydelagt areal kan vere avlingssvikt. Dette må søkjast erstatning på separat og må meldast inn til kommunen so snart råd er.