Aasestad heldt fram at føremålet med ei slik tvungen organisering er knytt til § 25 i den nyreviderte lakse- og innlandsfiskelova, der departementet ser på dette som eit viktig virkemiddel for å kunne oppnå tilsikta forvaltning og bestandsmål for laks i elvane. Utgangspunkt er at innsiget av laks i vassdraga i gjennomsnitt er halvert på landsbasis etter 1980 talet, og at ein ønskjer ei meir heilheitleg og tilpassa forvaltning for å kunne oppnå mål om auka mengde laks i lakseførande vassdrag. Men Aasestad presiserte at dette ikkje er noko form for innskrenking av eigedomsretten til fisket, den einskilde grunneigar kan nytte fiskeretten og vidareføre organiseringa av fisket som tidlegare.

- Dersom det ikkje er grunnlag for at grunneigarane kan organisere seg til formålet, av ein eller annan grunn, kan alternativt dei som disponerer fiskerette ta del i å organisere dette på eiga hand eller gjennom ei form for samarbeid mellom grunneigarane, slik at ein får etablert eit felles forvaltningsstiltak for heile det lakseførande vassdraget.

- Foremålet med organiseringa er såleis å etablere forvaltningstiltak med mål om å få meir laks tilbake i vassdraga, men gjeld berre for lakseførande vassdrag med eit fastsett gytebestandsmål på 100 kg holaks eller meir.

Eksempel på  forvaltningstiltak for fiskelaget kan vere:

Registrere fangst, drive oppsyn, førebyggande tiltak, kultiveringstiltak, lage driftsplan.

- Organisering av laget og grunneigaransvar i den samanheng må vere basert på alternativt eigd meter elvestrekning, eigedomen sitt fiske eller skyld. For å få til organiseringa kan elveeigarane kalle inn å organisere fiskelaget sjølve. Eit alternativ er å nytte seg av jordskifteverket til organiseringa, men slik organisering tek ofte tid og få på plass og kan bli eit problem nokon stader i høve til tidsfristen for organiseringa.

Norske Lakseelver har fått ei rettleiinsoppgåve i høve organiseringa, der ein finn informasjonsstof om dette på www.lakseelver.no